Personvernerklæring
Innleiing
Botanisk Illustrasjon tek personvern på alvor og passar på at personopplysingane dine vert behandla på trygg måte i henhold til personopplysningslova og General Data Protection Regulation (GDPR).
Definisjonar
Med „gjennomføre eit kjøp“, eller „gjere eit kjøp“ meinast det å trykke “Gå til betaling” i Nettbutikk > handlenettet og så fullføre utsjekken.
Med „sende ei kontaktmelding“ meinast det å gå til Kontakt og sende meldinga ved å trykke på “Send”.
Kva personopplysningar vert behandla?
Nettsida og Nettbutikken til Botanisk Illustrasjon er laga med sterkt fokus på personvern, og med mål om å hente inn minst mogleg informasjon om deg. Ingen personleg eller sensetiv informasjon vert henta inn, lagra eller delt med andre når du navigerar på nettsida eller i nettbutikken.
Informasjon som Botanisk Illustrasjon samlar inn
Når du sender ei kontaktmelding vert Namn og E-post lagra til bruk for å sjå avsendar og eventuellt kontakte deg tilbake.
Når du gjer eit kjøp vert informasjon som Namn og Addresse lagra til bruk når pakken skal sendast og for å ha eit register dersom noko skulle oppstå i ettertid.
Informasjonskapslar/cookies er ikkje nytta på Botanisk Illustrasjon.
Informasjon samla inn av tredjepartar
Når du gjer eit kjøp vert informasjonen din behandla av Stripe for å gjennomføre betalinga. Sjå deira personvernerklæring for å vite meir om korleis opplysningane dine vert teken hand om.
Plausible.io vert nytta til å handtere analytikk om kor mange som besøker nettstaden. Denne informasjonen er anonym og kan ikkje sporast tilbake til deg. Sjå Plausible sin personvernerklæring for meir informasjon.
Kvar vert personopplysningar om deg henta frå?
Personopplysningane dine vert i all hovudsak lagra frå det du skriv inn. Til dømes når du sender inn ei kontaktmelding og skriv inn Namn, eller gjer eit kjøp og skriv inn Addressa di.
For at informasjon om deg skal bli lagra må du ha gjennomført ei handling. Det vil seie, sendt ei melding, eller gjennomført eit kjøp.
Kor lenge vert personopplysningar lagra?
• Når du gjer eit kjøp vert opplysningane dine ikkje sletta automatisk.
• Når du sender ei kontaktmelding vert meldinga di og informasjonen din ikkje sletta automatisk. Dette er litt det same som å sende ein e-post.
MERK: Opplysningane dine vert ikkje nytta til marknadsføring. Dette kan heller ikkje endre seg utan at du gir samtykke.
Du kan kva tid som helst sende ein e-post til meg, og kreva opplysningane dine sletta.
Endringar i erklæringen
Om det vert endringar i måten me samlar inn eller behandlar informasjon, eller endringar i regelverket som omfattar behandling av personopplysningar, vert dette dokumentet og din informasjon oppdatert for å samsvara.
Kontakt meg
Om du har spørsmål, forslag, eller vil få informasjonen din sletta – ver venleg å ta kontakt på hege@botaniskillustrasjon.no.