Kjærleik til naturen, blomster og planter har følgt meg frå barnsbein av og gitt liv til ei brennande interesse for botanisk kunst og illustrasjon. Med base i Sogndal lever eg tett på naturen og mykje av inspirasjon hentar eg frå nærmiljøet i Sogn.

Med utdanning i kunst, handverk og design, og mange år som førstelektor i kunst og handverk, har eg brei erfaring med skapande arbeid. Eg har bygd vidare på denne kompetansen med etterutdanningar frå Society of Botanical Artists og Royal Botanical Gardens, Kew i London. Som profesjonell illustratør ynskjer eg å produsere realistiske og vakre arbeid av høg kvalitet og botanisk presisjon, utført i tradisjonelle teknikkar som akvarell, penn eller grafitt.

Vårmarihand

Orchis mascula

Rutelilje

Fritillaria meleagris

Raud Jonsokblom

Silene dioica

Botanisk illustrasjon handlar om estetikk og vitskap. Det er ein disiplin med lange tradisjonar der kunstnaren illustrerer planter eksakt i ei visuelt vakker framstilling. Ein botanisk illustrasjon er ein del av den vitskaplege planteskildringa og vert publisert saman med skildrande tekst. Denne tradisjonelle forma opnar for moglegheiter til å sette fokus på det som til ei kvar tid er viktig og er framleis ein aktuell form for vitskaplege illustrasjonar.

Ein botanisk illustrasjon er eit krevjande stykke arbeid, og det er viktig at illustratøren forstår subjektet før skissearbeidet tek til. Gjennom observasjon, ofte med lupe, og dissekering lærer illustratøren planta å kjenne og kan såleis lettare attskape planta på papiret.

Små, nesten usynlege hår på begerblada, farge og mønstringar på kronblad og forma på støvberaren er døme på viktige element som til saman skal bli ein del av ein tiltalande komposisjon på papiret.

Gå til Portfolio

Trass strenge krav til nøyaktig visuell framstilling vil ein botanisk illustratør også ha rom for å setje preg på den estetisk utføringa gjennom kunstnarleg stil. I min portfolio vil du finne fleire eksempel på botaniske illustrasjonar.

Følg meg på Instagram