Eg er oppvaksen i ein frukthage i Sogndalsfjøra, der det kvar haust bogna av raude og gule gravensteineple. Det kjennes ekstra fint å få bidra til å dokumentere og vidareføre denne delen av norsk kulturarv. Historisk var epledyrking ei viktig næring i Sogn og frukta som var produsert her var vidgjeten for god smak grunna lang modningstid. Ein finn spor etter fruktdyrking i Sogn heilt attende til 1100-talet. Det vert færre og færre frukthagar i Sogndalsfjøra, men fruktdyrking er framleis viktig for regionen. Og akkurat no bognar det over med all slags freistande frukt.
Å teikne frukt er annleis enn å teikne planter. Det er færre detaljar, men overflatene kan ha meir intrikate mønstringar. I tillegg er forma særs viktig når ein skal teikne frukt då denne er eit karakteristisk kjenneteikn for sortane. Alle kunstverka i boka syner heil frukt, medan nokre har også med teikning av delt frukt. Nokre få har teikning av blome og blad.
Alle illustrasjonane er måla i akvarell. Dei fleste er teikna frå frukt frå Njøs frukt- og bærsenter, så ein stor takk til Stein Harald Hjeltnes og Dag Røen for god hjelp. Nokre av sortane var vanskeleg å få tak i og desse er teikna frå foto teke av Finn. Agaeple, som er ein særs gamal sort, hadde me verken frukt eller foto av så denne er teikna frå tekstskildringa som du finn i boka.
Dersom du ynskjer å sjå originalane, kan du gjere det under Fruktbare dagar på Leikanger, 3.–5. oktober, i lokala til Skald forlag. Elles håpar eg du likar boka – og at du nyt noko godt frå hagen eller næraste fruktgard!
Så var dagen her, og eg blar stolt i boka Eple, pære og plomme.
Dette prosjektet har vore både lærerikt og nostalgisk. I boka har eg fått teikna hundre og tretti tre sortar av eple, pære og plommer - frå dei velkjende sortane til dei nesten gløymde. «Finst det verkeleg så mange sortar» er det fleire som seier når eg fortel om arbeidet med denne pomologien. Ja det gjer det! I boka har professor emeritus Finn Måge gjort eit utval av dei mest kjende sortane me finn, i tillegg til nokre meir historiske sortar.