arrow_back_ios

Tilbake til alle publiseringar

LØVETANN — Ei botanisk oppdagingsreise 

Løvetanna er ei fascinerande plante som vekker sterke kjensler. For nokon er han eit kjærkome teikn på våren og tidleg sommar, for hageeigarar eit uønskt innslag i den velstelte plenen – men insekta, dei elskar løvetann. For meg vekker ho minner frå barndommen, og samtidig undrar eg meg over detaljane som kjem fram når eg studerer planta nøye.

Å finne ein løvetann i juni er ei tilsynelatande enkel oppgåve, men å finne den perfekte løvetanna er kanskje ei større utfordring. Eit eksemplar som kan representere alle løvetenner. Eg fann sjølvsagt ingen slik løvetann i mitt nærområde, men enda opp med å samle fleire planter for å få nok visuelt materiale til den botaniske illustrasjonen min. 

Observasjon Sjølv om eg kjenner løvetanna godt, oppdaga eg stadig nye detaljar gjennom nøye observasjon. Dess meir eg studerte, dess fleire nyansar kom fram. Skissene mine vitnar om eit kjærkome arbeid og ei stor glede i prosessen, sjølv om det kunne vere utfordrande å gjengi denne planten på papiret.

Utfordringar i illustrasjonen Å lage ein botanisk illustrasjon av løvetanna krevde at alle stadium og delar av planta skulle vere med. Alt frå små detaljar som måtte forstørrast med presisjon, dei fjørlette frøa som skulle målast på kvitt papir, og den klare gule fargen. (Å måle gule blomar i detalj er ei utfordring – du kan lese meir om det i posten om tiriltunge.)

Anerkjenning for hardt arbeid Gleda var stor då illustrasjonen fekk utmerkinga Certificate of Botanical Merit på årets internasjonale utstillinga Plantae 2024, arrangert av Society of Botanical Artists. Denne erfaringa har lært meg at sjølv dei mest vanlege plantene kan overraske oss med kompleksiteten og skjønnheita si, når vi tek oss tid til å studere dei nøye. Løvetanna, som ofte blir oversett eller sett på som eit ugras, viste seg å vere eit fascinerande studieobjekt som verkeleg fortener vår merksemd og beundring.