arrow_back_ios

Tilbake til alle publiseringar

Fjellfiol frå ANestølen på verdsturné

I sommar fekk eg vera med på Society of Botanical Artists (SBA) sitt prosjekt The Global Sketchbook Exchange. Fem skissebøker er på turné rundt om i verda. Her skal medlemar av SBA fylle bøkene med plantestudiar i løpet av 2026. Føremålet er å skape møtepunkt for medlemane gjennom kreativitet, inspirasjon og ein felles kjærleik til naturen.

Eg vart tildelt to sider i ei av bøkene. Det var nesten litt høgtidleg å opne boka, samstundes kjekt å få eit blikk inn i arbeida til andre medlemmer. Eg vart fylt med ei ansvarskjensle  – eg ville gjere mitt beste for at eigne sider held same nivå som resten av boka. 

Valet mitt fall på fjellfiol, Viola biflora, frå Anestølen i Sogndalsdalen. Eg ynskte å bidra med noko lokalt, og fjellfiolen kjendest som det rette valet. Det er ei stillferdig plante som veks på næringsrik, fuktig grunn i fjellet, og er ofte lett å finne tidleg på sommaren – gjerne litt pjusken etter vind og regn, men alltid med dei gule blomane lysande mot deg.

I akvarell og blyant freista eg å få fram den sarte karakteren til planta, samstundes som eg ynskte å skildre strukturen og detaljane i blomen.

På slutten av året vert alle bøkene skanna og samla i ein katalog. De kan lese meir om prosjektet på SBA sine nettsider...