arrow_back_ios

Tilbake til alle publiseringar

Botaniske skattar i Jotunheimen nasjonalpark

I sommar skal eg ut med skisseblokka på jakt etter plantene som veks inne i Jotunheimen nasjonalpark. Gjennom prosjektet Botaniske skattar i Jotunheimen nasjonalpark ynskjer eg å vise fram det mangfaldet av planter som gøymer seg i dette unike området. Her møter ein både sårbar natur og majestetiske landskap – og dette samspelet gjer Jotunheimen til ei verdifull naturperle. Prosjektet er støtta av Society of Botanical Artists. 

Nasjonalparken er heim for ein fjellflora som fortener å løftast fram. Her kan eg nemne Issoleia som veks opp til 2370 moh., og fleire truga artar som Raudsildre, Reinrose og Moselyng. Men dette høgfjellsområdet står under aukande press frå klimaendringar, invaderande artar og menneskeleg påverknad. Samtidig som desse endringane skjer, har kunsten ei unik evne til å gripe oss. 

Kunst har ei kraft til å fange merksemda. Gjennom teikning og kunst kan eg formidle det som ikkje alltid kan seiast med ord. Trugsmålet mot biologisk mangfald kan formidlast utan bruk av ord, noko som gjer at ein kan nå eit breiare publikum og inspirere til handling. Ved å setje fokus på miljøutfordringar, som klima- og naturkrisa, kan kunst motivere folk til å lære meir, støtte naturvernarbeid, eller endre eigne vanar. Slik kan botanisk kunst og illustrasjon ikkje berre fungere som dokumentasjon av naturen, men også som eit verktøy for å auke merksemda om verdien av vårt naturlege miljø, og det pressande behovet for å ta vare på naturen for framtidige generasjonar. 
 
Saman med gode fagfolk frå Høgskulen på Vestlandet har eg utforma ei prioritert liste over planter. Alle plantene skal teiknast i sitt naturlege miljø. Å observere og teikne plantene i deira naturlege habitat gir meg ei tettare forståing av planta. Miljøet påverkar planta samstundes som det bevarer autentisiteten og individualiteten. Å ta dei med til atelieret vil svekke denne opplevinga, samstundes forfell plantene raskt, og små detaljar går tapt. Fotografiske referansar gir heller ikkje same nærleik eller detaljrikdom. Eg ser fram til å samle erfaringar, og til å arbeide i landskap som både utfordrar og inspirerer. 

Eg har allereie hatt nokre turar inn i nasjonalparken, og har starta skissearbeid av mogop, raudsildre og issoleie. Til helga går turen til området rundt Gjende – og eg gler meg til å oppdage kva slags planter som ventar der .

Kanskje du ser meg sitjande ved stien, med blikket festa til ein blome.