I arbeidet med illustrasjonane til boka Planter i Norge opplevde eg til tider aversjon mot planter med gule blomster. Det er utruleg mange planter med gule blomster i Noreg, noko som gjorde dette til ei gjentakande utfordring.
Eg fekk rett og slett teikne-sperre. Då eg arbeidde med illustrasjonen av Bekkeblom, måtte eg legge den vekk i ein periode for å halde framgangen i prosjektet. Det velta seg inni meg når eg sette meg ned framfor teiknebordet for å fortsette med illustrasjonen. Eg måtte legge den vekk og begynne på neste illustrasjon.
For å møte utfordringane innsåg eg at eg måtte variere arbeidet. Eg måtte veksle mellom gule og ikkje-gule blomar, og samtidig justere teknikken. I arbeidet med Tiriltunga starta eg med å måle skuggane først. Dei fiolette skuggane vart påført i lette, transparente lag. Deretter la eg eit lag med gult over skuggane før eg gjekk vidare med detaljane. Slik sikra eg at gulfargen forblei klar og strålande.
Tiriltunga viste seg å vere ein av dei mest takksame plantane med gule blomar å teikne. Nokre av skuggane trekkjer mot raudt og grønt, noko som harmonerer med planta sin naturlege fargepalett. Dette gjorde det mogleg for meg å fokusere meir på å framheve forma til blomane ved å bruke oransje og syrleg grøne nyansar etter at den gule fargen var påført. Til samanlikning er Engsoleia og Bekkeblomen meir krevjande. Dei har ein reinare gulfarge og meir grålege skuggar, noko som gjer det vanskelegare å skape djupn og kontrast utan å miste den reine gule fargen.
Botanisk illustrasjon av tiriltunge
Tiriltunga - denne vakre gule blomen kan vere utfordrande å fange på papiret. Når ein nyttar akvarellmåling kan gulfargen ofte gi nokre utfordringar, særleg når ein skal måle skuggar. Her kan fort den klare gule fargen bli «skitten».