Hege Gjerde Sviggum har ein brennande kjærleik til naturen, blomster og planter som har følgt ho frå barnsbein av. Denne kjærleiken har gitt liv til ei brennande interesse for botanisk kunst og illustrasjon. Med base i Sogndal lever ho tett på naturen og mykje av inspirasjon hentar ho frå nærmiljøet i Sogn.

Med si utdanning i kunst, handverk og design, samt mange år som førstelektor i kunst og handverk, har Hege ei brei erfaring med skapande arbeid. Ho har bygd vidare på denne kompetansen med etterutdanningar frå Society of Botanical Artists og Royal Botanical Gardens, Kew i London.

Vårmarihand

Orchis mascula

Rutelilje

Fritillaria meleagris

Raud Jonsokblom

Silene dioica

Som profesjonell illustratør ynskjer Hege å produsere realistiske og vakre arbeid av høg kvalitet og botanisk presisjon, utført i tradisjonelle teknikkar som akvarell, penn eller grafitt. Hege har delteke på fleire internasjonale, juryerte utstillingar og har mellom anna laga illustrasjonane til floraen Planter i Norge. Porteføljen hennar viser mange døme på botanisk kunst og illustrasjon som demonstrerer den fine balansen mellom vitskapleg presisjon og kunstnarleg uttrykk.

Følg meg på Instagram